Om oss

Kven er vi?
Midt i Sunnfjord i Sogn og Fjordane ligg Førdefjorden, omringa av bratte fjell. Innerst i fjorden, der elvane Nausta og Jølstra møtast, finn du Flokenes Fiskefarm.
Vi er eit oppdrettsselskap som vart skipa i 1984 av Ingvar Osland og Steinar Hagesæther og held til på Flokeneset i Kvammen i Askvoll kommune. Vi har i dag 7 ansatte og dagleg leiar sidan 2019 er Magnar Terje Leknes.
Selskapet har gjennom tiår vore ein del av havbruksnæringa i Sunnfjord og kombinerer lokal tilknyting, praktisk erfaring og produksjon av laks for matmarknaden.
Informasjon
Flokenes Fiskefarm driv matfiskproduksjon av laks og har to konsesjonar på maksimalt tillatt biomasse på 1295 tonn.
Vi har som mål å levere laks av høgaste kvalitet til våre kundar og skal vere blant dei beste i Norge.
På våre tre lokasjonar på Skorva, Dyvika og Storevik produserer vi årleg 2000 tonn laks og våre hovedkundar er Norwell og Seaborn.


Godkjend lærebedrift
Flokenes Fiskefarm er stolte av å vere godkjend lærebedrift. Det betyr at vi tek ansvar for å utdanna framtidas arbeidarar og bidreg til å utvikle viktig kompetanse i bransjen.
Vi legg vekt på god opplæring, fagleg utvikling og å skape eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø.
