12192 Skorva
MTB 1560 tonn
13568 STOREVIKA
MTB 3120
Samlokalisert m/Sandnes fiskeoppdrett
13711 Dyvika
MTB 1560 tonn
Flokenes Fiskefarm AS
Førdefjordvegen 3645
6983 Kvammen
12192 Skorva
MTB 1560 tonn
13568 STOREVIKA
MTB 3120
Samlokalisert m/Sandnes fiskeoppdrett
13711 Dyvika
MTB 1560 tonn
Flokenes Fiskefarm AS
Førdefjordvegen 3645
6983 Kvammen
Skorva ligg på sørsida av Førdefjorden mellom Flokeneset og Gjelsvika og ein kan sjå den frå fylkesveg 609 ved Skorvetunnelen.
Lokaliteten har vore i bruk sidan 2001 og er godkjent for ein MTB på 1560 tonn (maksimalt tillatt biomasse).
Tilkomst er med båt og her er det 120m Polarsirkel plastringar og fôrmodul frå Ocea. Denne har 300 tonn lastekapasitet og er utstyrt med 4 fôringslinjer. Skorva har gode straumforhold og djupne på 140-160 m. Den er stort sett godt skjerma for uvêr, men med kraftig vind frå nordvest kan det bli litt sjøgang her.
Dyvika ligg på sørsida av Førdefjorden vis-a-vis Vevring og like utanfor grensa til den nasjonale laksefjorden. Lokaliteten har vore i bruk sidan 1994, er godkjent for ein MTB på 1560 tonn (maksimalt tillatt biomasse), og kan berre nåast med båt. Her er det 120 m Polarsirkel plastringar og fôrmodul frå Ocea med 300 tonn lastekapasitet og 2 fôringslinjer.
Dyvika er ein lokalitet med svært god utskifting av vatn, utgåande straum frå fjordsystemet passerer gjennom lokaliteten og gir ypperlege forhold for laksen. Lokaliteten er bra skjerma for uvêr, men kraftig vind frå vest og nordvest kan lage litt sjøgang.
Storevik ligg på sørsida av Førdefjorden rett utanfor basen til Flokenes Fiskefarm. Anlegget som er samlokalisert med Sandnes Fiskeoppdrett, er godkjent for ein MTB på 3120 tonn (maksimalt tillatt biomasse), og kan berre nåast med båt. Her er det 120 m Polarsirkel plastringar og fôrmodul frå Fluctus med 350 tonn lastekapasitet og 4 fôringslinjer.
Storevik er ein lokalitet med svært god utskifting av vatn, utgåande straum frå fjordsystemet passerer gjennom lokaliteten og gir ypperlege forhold for laksen. Lokaliteten er bra skjerma for uvêr, men kraftig vind frå vest og nordvest kan lage litt sjøgang.